- Velsigna jul i stall og krybbe!

Biskopen sender denne julehilsenen til oss alle. Vi ønsker en velsignet og fredfull juletid for alle.

Julekrybbe med håndlagede figurer fra Madagaskar. Selges bl.a. av Misjonsselskapet. Foto: Marit Mjølsneset

Velsigna jul i stall og krybbe!

Av Kari Veiteberg, Oslo biskop

I løpet av annerledesjula 2020 hadde eg stor glede av å sjå korleis ulike kyrkjer i bispedømmet viste stor kreativitet med å arrangere julespel, sette opp julegater og sporløyper utafor kyrkjene og å lage store julekrybber både inne og ute. Allereie for svært lenge sidan fekk dei kristne behov for å feire det som skjedde julenatta med dramatiseringar, med bilde og med julekrybber.

Det står ingenting i forteljingane om Jesu fødsel at det var eit einaste dyr med rundt krybba. Gjetarane var dei første som kom for å ære barnet, så då var det vel naturleg å ta med sauer og lam. Men kor kjem oksen og eselet ifrå? Salmediktaren Grundtvig får oss til å synge om dei, år etter år:

Men okse der og asen stod
Og asen stod,
Og så den Gud og Herre god.

Grundtvigs salme «Et barn er født i Betlehem» er omsett frå ein latinsk salme frå 1300-talet. Frans av Assisi skal visstnok vere den første som laga ei julekrybbe, med levande folk og dyr. Men heller ikkje det er starten på tanken om at oksen og eselet er ved sida av krybba. Vi må heilt tilbake til profeten Jesaja, som skriv: «en okse kjenner sin eier og et esel sin herres krybbe».

Kva med å gi litt oppmerksomheit til ei julekrybbe i heimen dette året? De kan gjerne utvide dyreflokken! Naboen min fortel at barna insisterer på at pokemonfigurane og dinosauren også skal være der. Ja, kvifor kan ikkje pokemonfiguren og pandaen og kanskje andre sjeldne dyrearter få sin plass? Slik kan også stallen hos oss både bli veldig lokal og samtidig ei påminning om heile Guds skaparverk.

Og midt i julekrybba ligg legg vi eit lite barn. Eit lite barn som med undring ser opp på gjetarane og dei tilreisande vismennene og på mangfaldet av dyr. I jula feirer vi at det vesle og sårbare Jesus-barnet er Gud som kjem til sitt eige. Gud er Skapar og heile skaparverket er ein heim for Gud. La julekrybba stå ei stund. Det er mykje å prate om og undre seg over der.  Stall og krybbe, dyr og tilreisande stjerne-tydarar med gaver. Kven er dei? Det har eg lyst å utforske meir!

Og ved sida av krybba kan vi gjerne la salmeboka eller arket med «Et barn er født i Betlehem» ligge: 

Nå all vår nød og sorg er bøtt,
vår sorg er bøtt,
oss er i dag en Frelser født!
Halleluja, halleluja!

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"